Historie2014

Overhallahus-2014Stihl-2014ishavskraftNationen-Toppbanner

BANNER

Eirik Løstegard

Tips en venn
0

Internt referansenummer: 24.06.09 - A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))



Eirik Løstegard


I gamle dagar var det skikk og bruk i Hallingdal å gi både hestar og andre krøter av joleølet. Ein jolekveld skulde Eirik Lostegard i Gol gå burt i stallen med ei ølskål til hestane sine. Han var komen so midt på tunet, so kom joleskreii ramlande og skramlande med lått og bjøllesingling ned frå åsen, framum Veslekleivi og garden Magnetun. Og for Eirik visste av det var skreii der i tunet og han vart teken og sett uppå hesteryggen, og avstad bar det so fort og villt som ein vind.

Men nedanfor garden Ro fekk Eirik ein tankje for seg og drog upp tolekniven or sliri. Då vart han brått kasta av, for stål toler dei ikkje, dei folki som her var på ferd.

Joleskreii hadde sin visse farveg over ved Magnetun jolekvelden. Asle Mykleset både såg og høyrde skreii just som han gjekk gjenom garden der på Magnetun ein jolekveld, og hadde han ikkje vore so svint til å få upp tolekniven, var han so sant vorte med som han heitte Asle Mykleset, fortalde han sea.

Tilrettelagt av: Knut Egil Kvarving
Kilde: Hallingdal og Hallingen

Stem nå:   0

BANNER