Historie2014

Overhallahus-2014Stihl-2014ishavskraftNationen-Toppbanner

BANNERBANNER

Tater–Kresten

Tips en venn
0

Internt referansenummer: 16.06.09 - A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Tater–Kresten

Ei tid dreiv ein røvar dei kalla Tater-Kresten over bygdene i Østerdalen. Fyst budde han ei tid i Sollia, ved ein bekk dei kallar Taterbekken i Løvaasen. Flutte so derifraa aat Hirhalsen og var der ei tid, til han drog aust aat Mistersjøen i Rendalen, der han hadde tilhaldet sitt, daa han vart skoten i skogen. Han skulde ha drepe 18 mann, og so gjorde bygdefolket dømning paa 'n tilslutt. Daa han vart skoten, hadde han med seg eit kvinnfolk dei kalla Abelone. Det er fortalt at daa dei skaut han, skunde ho seg aa reinska lommane hans og skar hovudet taa han og strauk fyre dei naadde burttil, so dei ikkje skulde ha nuko kjennskap paa kva det var for ein. Det skulde ha vore ei vise og um dette ein gong, og der stod det:

Abelone svor av hjertens grund,
han Tater-Krestens hoved vog et pund.

Ein gong kom han paa Støa i Aamot. Daa hadde han med seg dette kvinnfolket og ei smaagjente paa ein 8-9 aar. Der heldt gjenta paa og rota i ein tull dei hadde med, og so drog ho upp ein vest med fine knappar paa. Daa ho fekk sjaa vesten sa ho:

«Hau! han bølja stygt, han som hadde denne vesten paa seg, da han far slo i hel 'n.»

Ein gong var det ein elvdøl som hadde vore i Gudbrandsdalen etter pengar han hadde tilgode, og so gjekk han beint over fjellet heimatt. Dette visste han Tater-Kresten um, og laga seg so han var paa fjellet naar elvdølen kom att. Daa han no fekk sjaa 'n Kresten, visste han med ein gong kva ærende han var ute i, og verjelaus som han var, saag det ille ut. Men han var no ikkje raadlaus. Han gjekk beint burt aat 'n, og so sa han:

«Aa du Kresten! Naa var je rikti glad je raakte deg, før det kunde vara ei von du kunde vara god før aa lhelpe meg. Je ska ut med 10 daler og hadde penger tilgoele taa in mann i Gulbrandsdalen. Naa har je vore der; men kunde itte faa in skjelling. Det var itte saa vel du var god for aa laane meg in halvtjeug daler in maane's tid vetje. Om so var skulde du faa att døm med gode renter.» Ja daa, han fekk pengane, og ein maanad etter betala han deim attende med gode rentor, som sagt var.

Tilrettelagt av: Knut Egil Kvarving
Kilde: GARD OG GREND - Folkeminne fraa Østerdalen I

Stem nå:   0

BANNER